Har endeleg fått til kryssordet, men må seie at eg ikkje er imponert over seriøsiteten kring dei to løysingsorda til domene og drama. Det høyrer ikkje heime med så mange løysingsord som til domene, og TV-drama er heller ikkje særleg overbevisande. Nyheims kryssord var særmerkt av høgt vitskapleg nivå. Fleire løysingar førekom nesten aldri. Viss nokon kjenner den nye kryssordmakaren, så bør han kviskre han/ho noko i øyret. Blir det meir av denne typen, orkar ikkje eg å halde fram med å kjøpe laurdagsavisa.