thoydal: Det er lurt å spørja etter dei bokstavane du manglar.... Men for å gjera det enkelt denne gongen: Det er ein forfattar som heiter Malraux. Det vil du finna ved å søka på forfattar (tal på bokstavar og fylla inn dei bokstavane du har frå før)....
Nei, alt er relativt, veit du! -Kan du hjelpa meg med blindbokstavane i TEGL? -Øvste linje, 6 inn frå venstre, loddrett? -Eg treng også blindbokstavane i BONDE,12 ned, -5 inn frå venstre.
Er SÅ einig med deg, birkebeiner! - Synest det var/er kinkig i dag. -Eg har fleire tomme felt i dagens kryssord.
-Hadde faktisk eit lite snev av angst på butikken i dag, -tenkte plutseleg: "Det er vel Hansen-kryssord i dag??"---Og det var det! Jipppiiii!
Trur nok det er rett med .V... -Etter søking googling fann eg ordet i ei noko spesiell tyding .... brukt av ein kjent vestlandsdiktar, -han som er opphavet til den vakre julesongen: "Det lyser i stille grender"....
Eg slit nok litt enno....Kan nokon hjelpa meg med MUSIKER, 6 nedanfrå, ca midt på, vassrett.... Manglar siste bokstaven (dersom dei andre er rette, då...)
Er einig med parta....Me er alle ulike, -og godt er det!!! Eg kooosar meg med kryssorda til Hansen og med diskusjonane her på forumet. For meg spelar det inga rolle kven som er fort eller seint ferdige, det viktige er at me brukar den (fri)tida me vil, og at me hjelper kvarandre når me står fast. God helg til alle!! :)
Einig med deg Veralynn. -For meg spelar det eigentleg inga rolle at medlemmer på forumet synest dei har løyst oppgåver på "kort tid" ....eller ev. brukt lang tid. At det eigentleg er uinteressant, er jo ei anna sak, og eg kjenner ikkje behov for å kommentera nettopp det.
Men når det så kjem usaklege og direkte uhøflege, spydige og "stygge" utsegner med ufine angrep mot enkeltpersonar, synest eg det går for langt!
Lat oss bruka forumet vidare på alle positive måtar! :)