Gå til innhold

Anbefalte innlegg

"Ingen vinner denne uken" går sin sigersgang; fasiten til 3 av dei 4 oppgåvene siste månaden talar sitt tydelege språk. No held det visst på å gå sport i å kommentera X-perten frå mi side, men etter det framifrå lesarbrevet relatert til emnet i sundagsutgåva av BT, er det litt freistande ikkje å kapitulera heilt - hm - Vel vitande om at eg avslører den grenselause inkompetansen min, let eg det likevel stå til: Kva er etternamnet til skodespelaren med Gitta som førenamn?

Lenke til kommentar
https://forum.kryssord.no/topic/19937-bt-eksperten-veke-13/
Del på andre sider

Fortsetter under...

Jeg finnet et par steder på nettet at Ghita Nørby skrives Gitta Nørby, så jeg satset på det, det være seg rett eller feil. Jeg har nok en gang sendt et hjertesukk til BT, og det håper jeg flere vil gjøre. Slik det er nå, så er det jo bare en gjettekonkurranse, ikke et seriøst kryssord.

Lenke til kommentar
https://forum.kryssord.no/topic/19937-bt-eksperten-veke-13/#findComment-85298
Del på andre sider

Takk for kommentar. Eg registrerte ogso namnevarianten Gitta og trur nok at ei forveksling må vera den mest nærliggjande forklaringa her. Men eg såg på Gitta som feilskriving og treiv til namnet på ei ukjend amerikansk skodespelarinne, Vitta Quinn (3140 Bing-treff), i staden - sjølv om eg visste at namnet Vitta nokso sikkert ikkje var det kryssordforfattaren var ute etter.

Lenke til kommentar
https://forum.kryssord.no/topic/19937-bt-eksperten-veke-13/#findComment-85302
Del på andre sider

Takk for svar! Eg var nok litt for opphekta i namnet på den danske skodespelarinna og tenkte at her kunne det ha vorte slumsa ørlite med skrivemåten - slikt har hendt før i X-perten. Men med namnet Gitta Alpár er det berre å slå fast at her har BT uansett sitt på det tørre!

Lenke til kommentar
https://forum.kryssord.no/topic/19937-bt-eksperten-veke-13/#findComment-85322
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...