Gå til innhold

arnbra

Members
  • Innlegg

    50
  • Ble med

Alt skrevet av arnbra

  1. Lurer eg ogso på ...
  2. Mange takk for respons! Eg var inne på same tanken, men var usikker. No slår eg meg til ro; nr. 21 er eit avslutta kapittel. I skrivande stund har eg full hyre med nr. 23 - manglar framleis 3-4 løysingsord.
  3. Når eg (rett som det er) ikkje kjem heilt i mål med X-perten, er det ekstra spennande å kasta seg over fasit for å sjå kva klokare hovud har komme fram til. Ikkje noko unnatak i dag heller, men denne gongen har eg etter nokre kjappe søk ogso strev med å finna stadfesting på dobbelttydinga av KELP (tangoske). Tips?
  4. Takk for svar! Eg var nok litt for opphekta i namnet på den danske skodespelarinna og tenkte at her kunne det ha vorte slumsa ørlite med skrivemåten - slikt har hendt før i X-perten. Men med namnet Gitta Alpár er det berre å slå fast at her har BT uansett sitt på det tørre!
  5. Takk for kommentar. Eg registrerte ogso namnevarianten Gitta og trur nok at ei forveksling må vera den mest nærliggjande forklaringa her. Men eg såg på Gitta som feilskriving og treiv til namnet på ei ukjend amerikansk skodespelarinne, Vitta Quinn (3140 Bing-treff), i staden - sjølv om eg visste at namnet Vitta nokso sikkert ikkje var det kryssordforfattaren var ute etter.
  6. "Ingen vinner denne uken" går sin sigersgang; fasiten til 3 av dei 4 oppgåvene siste månaden talar sitt tydelege språk. No held det visst på å gå sport i å kommentera X-perten frå mi side, men etter det framifrå lesarbrevet relatert til emnet i sundagsutgåva av BT, er det litt freistande ikkje å kapitulera heilt - hm - Vel vitande om at eg avslører den grenselause inkompetansen min, let eg det likevel stå til: Kva er etternamnet til skodespelaren med Gitta som førenamn?
  7. Mange takk for respons. Då skulle det vera grunn til optimisme når det gjeld framtidig godkjenning av alternative, like korrekte løysingsord. - For ordens skuld, sjølv om eg nemnde Formidle og Interaksjon (brukt i staden for høvesvis Formildne og Interjeksjon), ser eg ikkje på dette som noka stor sak; ein såg forholdsvis kjapt at her var det tale om trykkfeil. ({$editedMessage} 06.04.13 22:36)
  8. Ja, einig. Men her hugsar eg at Sæveraas har brukt "føleri" som løysingsord til "kliss" ved eit tidlegare høve, so i dette tilfellet valde eg fasitsvaret her. - Elles er det å seia at eg fann "løpstilk" som (krydder)plante, jf. løp|stilk sj. løpstikke Werg.Saml. Skr. IV1126 (Norsk Riksmålsordbok (hist.). Dermed er eg bortimot so ubeskjeden at eg meiner å ha levert rette løysingsord i begge dei oppgåvene (veke 10 og 11) som vart oppførte med "ingen vinner denne uken". Alternative svar frå kryssordløysaren si side duger berre ikkje - slingringsmonnen er ein smule romslegare frå BT si eiga side; "Formidle" fekk fasitsvaret "blidgjøre" (veke 10) og "Interaksjon" fekk fasitsvaret "hysj" (veke 11) - (Meldingen ble redigert 06.04.13 08:56) ({$editedMessage} 06.04.13 13:23)
  9. So var det på 'an igjen, med likelydande melding til BT sine X-pertløysarar som sist veke: "Det er ingen vinner denne uken. Ingen hadde riktig løsning." Sjølv skal eg avstå frå å komma med noka innvending ved dette høvet; eg sette nemleg min lit til Norsk kryssordleksikon og førte opp Løpstilk som plante, utan å kvalitetssikra. So viser det seg at løpstilk er eit ord som eg ikkje har lukkast med å få stadfesta gjennom andre søk.
  10. Takk for kommentar! Eg tenkte på same forklaringa som du er inne på. I tidlegare X-pertoppgåver so har likevel ein felles E (i kryssande løysingsord) ifylgje ordboka fleire gonger vorte skriven med akutt-teikn i eine ordet og ikkje i det andre. Om "Renée (often spelled without the accent in non-French speaking countries) is a French feminine first name." (Wikipedia) kan tilleggjast noka vekt, er eg meir usikker på. - Elles slappar eg no heilt av i vissheit om at eg med 'feil' i RAD i tillegg til namnet, uansett ikkje var kvalifisert til premie - ha - ha!
  11. Med to unntak sende eg bokstav for bokstav inn same løysingsorda som fasit presenterer i denne oppgåva. Eine unntaket var at eg på stikkordet Rad skreiv Manngard (henta frå Norsk kryssordleksikon) i staden for Tanngard (ikkje oppført som synonym i Norsk kryssordleksikon). Andre unntaket var at eg på Navn (R og e 'fast inventar' pluss tre blindbokstavar) valde Ruben i staden for Renée. Frå BT 20. mars: "Det var ingen vinner denne uken. Ingen hadde riktig løsning." - Det gjeld å sikta godt om du vil sleppa gjennom kryssordnålauget i BT ...
  12. arnbra

    Mester 27

    Strevar med Insekt (nær midten oppe) - kan andre bokstav vera u?
  13. Til iahaugen: Skulle ynskja du har rett, men med heile 11 dagar mellom trykking av oppgåve og løysing, burde vel BT ha motteke signal om mistanken og spandert trykksverte på ei eventuell korrigering. ({$editedMessage} 10.12.11 17:08)
  14. Eg bomma òg på svaret her, men eg trur kanskje at eg i dag skjønar tankegangen bak det 7-bokstavars løysingsordet. "Bechers / hans verk" er eigeform, slik at ei tilsvarande formulering når det gjeld vår eigen nasjonalsong må verta at "Ja, vi elsker" er Bjørnsons verk.
  15. arnbra

    Mester 12

    Hadde faktisk komme fram til det eg trudde måtte vera rett ord (løysinga lagd i konvolutt for lengst) ved å bla i alle treffa frå søk i Ordnettalternativet All tekst - og etter innlegget ditt er trua mi urokkeleg! Mange takk til deg og!
  16. arnbra

    Mester 12

    Meiner no å vera tilbake på sporet - mange takk! (Manglar dermed berre det øvste av 3 kryssande, vassrette ord, men med dagens ferske sommartid må det vel vera grunn til å sjå ljost på det?)
  17. arnbra

    Mester 12

    Nyttar sjansen og ber om hjelp til 2. bokstav i Er sel og hval (4. linje) - a eller e?
  18. arnbra

    mesterkryss 5

    Til 19451945: Kloke ord, Randi!
  19. arnbra

    Mesterkryss 5

    Då er me einige - mange takk for støtte!
  20. arnbra

    Mesterkryss 5

    Sjølv er eg eigentleg i mål med nr. 5, men siste bokstav i Løses lett i vann skapar uvissheit - n,t eller som eg kanskje trur, valfritt?
  21. arnbra

    mesterkryss nr. 46

    Mange, mange takk - dermed kom eg i mål (trur eg) med ei oppgåve som eigentleg var skrinlagd!
  22. arnbra

    mesterkryss nr. 46

    Sjølv har eg ein ekkel følelse av at eg ikkje kjem til å finna løysingsodet på Ekkel følelse - kan fjerde bokstav vera den same som femte bokstav i vilt?
  23. arnbra

    Mester 38

    Mange takk for svar, Skjye! Då konstaterer eg at treffprosenten min ikkje var noko særleg å skryta av, men med Dives som uaktuell elv legg eg - med forsiktig optimisme - her og no ut på ein ny runde.
  24. arnbra

    Mester 38

    Etter ein del prøving og feiling glimrar framleis eit overtydande sett av løysingsord i øvste venstre hjørne med fråveret sitt. Har synonymet til VITTIG ein e som andre bokstav og ein i som nest siste bokstav, tru?
  25. Spørsmålet mitt går på 8 loddrett - er det nynorskversjonen av synonymet til Unnfangelse som er svaret? I so fall ganske ulikt kryssordforfattaren sin vanlege språkbruk -
×
×
  • Opprett ny...